Hugs å møte opp tidsnok og sjekk ut vilkår og etterbehandling. Eg har alltid ein konsultasjon med kunden før timen, for å finne utav om behandlingen passar deg, kva behov/ynskjer/spørsmål du har og mi profesjonelle meining for best mogleg resultat til deg.
Dersom du ynskjer allergi-test av voksen på førehand, kan dette bestillast gratis i bookingsystem, men testen må vere gjennomført seinast 24t før din voksetime.
Håra bør vere minimum 0,5cm lange og ideelt sett under 1cm (tilsvarande ca. 2veker med sparing), men ein kan også vokse lengre hår. Ikkje barber rett før/mellom voksetimar (, fordi dersom ein barberer må ein byrje og synkronisere hårsyklusen på nytt, håra blir stubbete, voksen griper ikkje like godt og resultata varer ikkje like lenge).
Eksfolier huden 1-2 dager før timen, slik at voksen får ordentleg tak i håra og ein får mest mogleg jevne resultat og unngår inngrodde hår.
Hugs å ha på deg laustsittande klede når du kjem til timen, så dei ikkje irriterer huden etter voksing.
Planlegg også slik at huden får kvile i 24t (t.d. unngå trening/basseng/irritasjon).
Denne stripsfrie voksen festar seg hovudsakleg til håra, noko som gjer at den passar betre til sensitiv hud
Hardvoksen blir påført og fjernar alle hår effektivt med røttene, i tillegg til at håra veks ut finare og mjukare (enn ved shaving)
5-45minutt per område
Frå 199kr
Opptil 3-6 veker
Soft wax festar seg også til huden, og fjernar sjølv korte/fine hår + eksfolierer huden
Effektiv fjerning av hår på større områder
5-45min per område
Frå 199kr.
Opptil 3-6 veker
Eksfolier huden med anbefalt skrubb/paste/lotion. Bruk laustsittande klede for å unngå irritasjon og ingrodde hår
Vent med trening/basseng/unngå irritasjon i 24t
230-349kr
