Endring eller kansellering av time må skje minimum 48t før avtalt tid for å sleppe betaling av avtalt tjeneste. “Ikkje møtt” reknast dersom ein kjem meir enn 15min for seint til avtalt tidspunkt og kunden vil bli fakturert 100%. Ved sjukdom fakturerast 50% av behandlingsbeløpet (med mindre ein viser fram legeattest).
Timer utanom ordinære åpningstider vil få eit tillegg på 100kr.
Kunden er sjølv ansvarleg for å sette seg inn i før- og etterbehandling. For å garantere forventa behandlingsvarigheit og resultat, må kunden følge anbefalt før- og etterbehandling. Innen etterbehandling må ein også bruke anbefalte produkt for å kunne garantere resultatet. Kundar kan komme inn for gratis reparasjon av ei behandling innen ei veke, dersom det skulle vere ein betydeleg feil og etterbehandling er fulgt, i tillegg til at ein ordnar ei ny avtale tidsnok og eg har kapasitet. Det er også forbehold om at kunder har ulike utgangspunkt for behandlingsvarighet og resultat.
Studentar får 15% rabatt på alle behandlingar, dersom dei viser fram gyldig studentbevis ved betaling. Tilbod/Rabattar/Kampanjer/Pakkepriser kan ikkje kombinerast for dobbelt opp med avslag.
Alle behandlingar blir tatt på kundens eigen risiko og ansvar. Eg som utøver er pliktig til å informere om at det er ein risiko for allergiske reaksjoner, små kutt/rifter/blødningar, infeksjon og varmegang (ved bruk av negledrill) og liknande, når ein tek relevante skjønnheitsbehandlingar. Verksemda mi sikter mot å hindre overføring av smittsomme sjukdommar ved at tjenestene utøvast på ein hygenisk tilfredsstillande måte. Eg er opptatt av kunden si tryggleik og legg til rette på førehand for å minimere risiko og besvarer kunden sine spørsmål/bekymringar undervegs. Hugs å informere dersom du er usikker på om du er allergisk, har andre kontraindikasjoner og/eller noko som kan påverke behandlinga har endra seg sida sist. I tillegg streber eg etter perfeksjonisme og brukar kun kvalitetsprodukt i mine behandlingar. I tillegg har eg godkjente kurs i behandlingar innan negler, vipper, bryn og voks.
Aldergrense på behandlingar er 18 år med mindre ein har erklæring frå ein føresatt.
Ved å bestille time hos meg bekreftar ein å ha lest, forstått og godtatt vilkåra.
